historien om volvo fm12
I november 2024 dukka Volvoen opp på Finn.no for ein salgssum på 50 000,-. Dette var innanfor rimelighetens grenser for kva ein kunne bruke på ein slik bil som berre skulle brukast til drifting og børneshow.
Denne var ypperlig til dette formålet, 2 aksla og manuell gir, og det store plusset var at den ikkje hadde passert 1000km enda. Det kjem av at den ikkje har vært registrert, så den har aldri vært ute på landevegen og sett verken grus eller salt.
Når bilen var ny i 2002 vart den brukt av Volvofabrikken på lukka område som testbil. Etterkvart overtok Opplæringskontoret i Bilfag Oslo og Akershus denne bilen som ein opplæringsbil ifrå Volvofabrikken. Når dei overtok bilen, korta dei den inn med 4 meter. Dette vart gjort mest fordi den var for lang for garasjen deira.
Etterkvart som åra gikk måtte dei fornye seg, så då skulle bilen selgast, og det var der Holmøy Drifting vart realisert. Handelen gikk i boks og transport vart utført av Ann Mari Birkebekk i Aurmo Transport.
Volvoen kom på tunet kvelden den 09.desember og spenninga var til å ta og føle på. Ville den børne? Fikk vi til å lage blårøyk? Ååååjaaaaddaaa! Den bøøøørna!! Men det måtte modifiserast litt, men det vart satt på vent til etter jul. Snøen kom på nyåret, og uten garasje måtte ting utsettast til den var vekk.
I mars 2025 klødde det sånn i fingrane til å begynde på bilen, so då var det å dra på seg thermodressen og sette i gång arbeidet. Det vart gjort ein avtale med Haugen Transport og Maskin i Bergen om ein byttehandel av alufelgar som stod på bilen, til stålfelgar og ein flokk med halvsletne dekk. Lakking av felgar vart gjort med bengalack heime på tunet.
Dette skulle være eit lavbudsjett prosjekt, så ting var ikkje så nøye med……i starten…..
Bilen var oppe å gikk med litt ekstra sprut i motoren, litt ekstra lys, frieksos og Sparco racingstol med 4.punktsbelte i slutten av april, så då tok vi ei beslutning på at vi skulle prøve oss en tur til Otta Motorfestival 8.mai. Vi fikk leige maskinsemi, lasta opp bil og dekk, og sette kursen til Otta. Dette var ein drøm ein hadde hatt lenge, så nervane jobba i høggir!
Otta Motorfestival leverte på alle måtar!
Vi hadde problem med sperra på drivakslingen, den kobla ut og inn. Dette førte til at vi spann berre på eit hjul av og til. Vi kom oss igjennom helga og sette kursen heimover med mååånge nye erfaringar, og ikkje minst mykje nytt bekjentskap. Det her ga meirsmak!
Så det neste på programmet vart Motorfestivalen i Stryn. Her vart det blårøyk og drifting! Men fortsatt problem med sperra. I februar vart det kjøpt ein brukt bakaksling ned på Jæren, det kunne no være kjekt å ha i bakhånd. Den kom til si nytte før vi skulle vidare til Trøkk`n Truck i Førde. Den vart skifta, i tillegg til at vi fikk ein sponsor på heillakkering av bilen!! Sponsoren, Vestland Lakkservice, ville at bilen skulle være ferdig lakka før vi reiste til Førde. So då var det berre å hive seg rundt, 14 dagar før vi skulle reise nedover! Det gikk! Fikk på lakk og logo i siste liten!
Fikk selfølgelig problem med nivåregulering på luftputene dagen før avreise. Tok ein telefon til Trucknor i Førde, og der fikk eg beskjed om at det var berre å komme innom so skulle dei hjelpe. YES! Det ordna seg!
Det vart børning og drifting i Førde!! Masse kjøyretid og moro!!
Fikk enda ein sponsor etter at vi var i Førde. Blikkenslager Kvamme ville lage vinge til bilen. Den prosessen kom i gang 1,5 veke før vi skulle til Oslo Motorshow! Han som konstruerte vinga fikk ein unge oppi heile greiene, men vi kom i havn. Siste del av lakken kom på samme dag som vi lasta opp og reiste til Oslobygda.
Hausten enda opp på Oslo Motorshow med lastebilen på utstilling og salg av merch.